Tale er gull - Moment til ein norsk lydbokkritikk

Collection

  • SAM - Student theses

Document type

Publication date

  • 2015

Publisher

  • Høgskolen i Oslo og Akershus

Description

  • I denne oppgåva skal eg stable på beina forslag til eit sett kriterium for kritisk vurdering av lydbøker. Som aktiv brukar av denne forma for litteratur saknar eg mykje. Innlesing av større delar av den norske bokheimen, debatt om kva som er ei god lydbok og betre lydbøker er berre nokre av dei. Det eg håper vurderingskriteria mine kan brukast til er sjølsagt å gjere det lettare å seie noko om kvaliteten på lydbokproduksjonane, slik at kritikarar, bokbloggarar, bibliotekarar og andre skal kunne ta for seg kva lydbok som helst og seie noko konkret både om kva som er bra med henne og kvifor, og kva som kunne vore gjort betre og korleis. Kritikaren skal vere i stand til å skilje mellom kunstnarlege og tekniske val og kunne gjere greie for om dei var gode eller dårlege på lydbokas eigne premiss. Vidare skal kritikaren kunne uttale seg anten lydboka er ein roman, ei diktsamling eller ei fagbok. I dei få tilfella der vi har to innlesingar av same bok vil kriteria vonleg setje kritikaren i stand til å peike på kva for ei som er mest vellukka, men ei slik samanlikning skal ikkje vere naudsynt for å kunne peike på kvalitetane ved kva for lydbok som helst1. Finst det i dag ein norsk lydbokkritikk? Så vidt eg veit er svaret nei. I ei utveksling med underskrivne (Ordflyt, 2015) lista twitterbrukaren @ordflyt opp dei få døma hen visste om, mykje av det vesle materialet verka å vere korte notisar med vekt på brukarrettleiing for foreldrar som ønsker å distrahere born på transportetappar i skuleferiane. Publikasjonane KK (altså ikkje Klassekampen, men livsstilsbladet som ikkje lenger heiter Kvinner og klær) og Foreldre & Barn er heller ikkje kjente som litteraturkritiske kraftsentrum.