Soundpainting som skapande aktivitet i musikkfaget

Collection

  • LUI - Student theses

Document type

Publication date

  • 2015-04-22

Publisher

  • Høgskolen i Oslo og Akershus

Description

  • Alle barn har eit behov for å skape, uttrykkje seg sjølv og utforske ukjente landskap. Ei av skulen si oppgåve er å møte dette behovet, slik at elevane er skapande, samhandlande, sjølvstendig menneske som er integrert i samfunnet når dei er ferdig med skulen. Spesielt gjennom musikkfaget kan ein legge til rette for skapande aktivitet for at elevane skal utvikle skapande evner. I denne oppgåva er fokuset i den skapande aktiviteten forankra i arbeid med improvisasjon og komposisjon. For å arbeide med dette er det blitt brukt ei metode kalla Soundpainting og korleis den kan vere med på å nå måla som er satt for musikkfaget. For å finne ut det, er det blitt gjennomført eit undervisingsopplegg med ei gruppe elevar på 6.trinn. Dette undervisingsopplegget er planlagt, gjennomført og evaluert med utgangspunkt i forskingsmetoden aksjonslæring. I aksjonslæring er målet at det skal skje ei endring ved at ein forskar på sin eigen praksis. Sentralt er aksjonslæringssyklusen med fasane planlegging, gjennomføring, observasjon og refleksjon. Dinest er opplegget og problemstillinga diskutert ut frå refleksjonane og observasjonane som blei innhenta i undervisinga. Det var utfordringar som oppstod for både lærar og elevar i undervisinga, og tankar og refleksjonar i etterkant som var sjølvutviklande for læraren, og kanskje også for elevane.