Kanon og danning på ungdomstrinnet

Collection

  • LUI - Student theses

Document type

Publication date

  • 2014-04-23

Description

  • Handlingane i romanen flytta på 1800-talet seg frå det ytre til det indre, inn i personen sine tankar og kjensler. Førestillinga om våre moderne indre liv vart skapte i romanar og drama frå 1800-talet, og det nye på denne tida vart ”showing, not telling” (Penne, 2010). 1800-talet er i det heile det hundreåret då vi i Noreg vart medvitne på vår eigen nasjonale identitet som noko skild frå den danske. Det er då heller ikkje nokon løyndom at mykje av vår opphøgde og kritikarroste litteratur, som vi i dag kallar vår kanon, vart skriven på denne tida. Den litterære kanon er i dag ein del av vår kulturarv. Dette betyr at denne litteraturen spelar ei viktig rolle i norsk kultur og historie, og at den slik er eit viktig nasjonalt klenodium. I og med at handlingane vart flytta inn i mennesket, fekk litteraturen ein ny dimensjon, det mentale landskapet (Penne, 2010). Store og tidlause tema som kjærleik, svik og stoltheit vart ein naturleg del av litteraturen mot slutten av 1800-talet, og dette har blitt sjølve definisjonen på kva som gjer kanonlitteraturen til det han er: formidling av allmennmenneskelege og grunnleggande sider ved det menneskelege tilveret (Hennig, 2010). I læreplanen i norsk står det under formål med faget at ”å se norsk språk, kultur og litteratur i et historisk og internasjonalt perspektiv kan gi elevene større forståelse for det samfunnet de er en del av” (Utdanningsdirektoratet, 2006). Dette inneber mellom anna at faget har eit ansvar når det gjeld kulturformidling til dagens elevar. Kanonlitteraturen representerer, som ein del av kulturarven, dermed noko verdifullt som elevane bør kunne noko om, og som vonleg vil vere med på å gjere dei til danna menneske. Av erfaring kan ein likevel sjå at kanon ofte ikkje er den lettast tilgjengelege litteraturen for mange av dagens unge. Det eg difor vil sjå på og drøfte i denne oppgåva er om det er mogleg likevel å vekke engasjement for klassisk litteratur, og om rett bruk av kanonlitteratur i undervisinga kan vere med på å motivere til vidare lesing av skjønnlitteratur mellom elevane. Eg vil også drage inn danningsomgrepet i høve kanonlitteraturen, og sjå på om det er ein samanheng på dette punktet. Trass i at læreplanen er vag, står det tydeleg at elevane skal ha kjennskap til noko klassisk litteratur. Dette må bety at det er noko elevane skal ha med seg. At det er noko innanfor den klassiske litteraturen som har ein eigenverdi, og som bør vere ein del av den allmenne utdanninga alle norske elevar får i løpet av grunnskulen. Dette fører meg til følgjande problemstilling: Kan kanonlitteraturen bidra til å auke ungdomsskuleelevar si interesse for lesing? Kva kan den klassiske litteraturen bety for elevane si danning?