Har stemmene frå byggjeplassen hammar i handa? Kjeldebruk og representantmakt i norsk presse si dekning av bygningsarbeidarar.

Collection

  • SAM - Student theses

Document type

Publication date

  • 2017

Publisher

  • HiOA

Description

  • Etter Brexit i Storbritannia, valet av Trump som amerikansk president og ei auka tilslutning til høgrepopulistiske retningar (Taraku 16.03.17), er dagens arbeidarklasse igjen i søkelyset. Ein har i det heile kunna få inntrykk av at ei stor gruppe menneske ”på golvet” føler seg overkøyrt av makta, og diskusjonane om grasrot mot elite er atter kome på agendaen. Med den aukande mistilliten til etablerte medium i arbeidarklassen (Edelman.com 15.01.17), forsøkjer oppgåva å sjå om representasjonen av yrkesgruppa bygningsarbeidarar i pressa kan verke framandgjerande. Gjennom ei kvantitativ og ei kvalitativ innhaldsanalyse ynskjer teksten peike annangjering og representantmakt i omtale av denne gruppa.