Demokratiforståing i skulen sine styringsdokument

Collection

  • LUI - Student theses

Author(s)

Document type

Publication date

  • 2014-04-23

Description

  • Theo Koritzinsky og Janicke Heldal Stray er to forskarar som peikar på at LK06 (Læreplanverket for kunnskapsløftet 2006) til dels er motstridande når det kjem til korleis ein skal forstå demokratiomgrepet og medborgarskapsomgrepet. Generell del og føremålet med samfunnsfaget er i stor grad kommunitaristisk orientert - fellesskapsorientert, medan kompetansemåla i samfunnsfag etter 10. årssteget er i stor grad liberalistisk orienterte - individorientert (Koritzinsky, 2012; Stray, 2011). Koritzinsky og Stray er urolege over at kompetansemåla etter 10. årssteget i LK06 i for liten grad vektlegg arbeidet med å utvikla dei unge til demokratiske medborgarar, slik dei meiner det kjem til uttrykk i formålsparagrafen i opplæringslova, Generell del og spesielt under føremålet med samfunnsfaget (Koritzinsky, 2012; Stray, 2011). Fleire forskarar peikar på at det er mangel på god demokratiopplæring i skulen. Dette kan koma av at mange lærarar berre fokuserer på kompetansemåla som fremmar opplæring om demokrati – kunnskap, noko som ikkje er tilstrekkeleg om ein skal sjå på heile læreplanen. Samla sett fremmar styringsdokumenta til skulen både læring om demokrati, gjennom liberalistisk demokratiforståing, der ein har ei tynn medborgarskapsforståing som status, som også kan verta rekna som ei førebuing til opplæring for demokratisk deltaking og læring gjennom å praktisera demokratisk deltaking - haldningar og handlingskompetanse. Opplæring for og gjennom har ei kommunitaristisk demokratiforståing, der ein har tykk medborgarskapsforståing som rolle. Forskarar har funne ut at lærarar legg i stor grad vekt på opplæring om, framfor opplæring for og gjennom. Ein må ikkje ha ei einsidig favorisering, men ein må sjå på samspelet mellom desse faktorane (Koritzinsky, 2012; Stray, 2011; Ødegård, 2012). Metoden oppgåva byggjer på er intervju og skriftlege kjelder. Dei to lærarane eg intervjua forstod styringsdokumenta i stor grad slik som Koritzinsky og Stray. Dei utvikla elevane sitt demokratiske medborgarskap som både Koritzinsky og Stray og dei andre forskarane meinte ein burde driva opplæring. Opplæring om demokrati og opplæring for og gjennom demokratisk deltaking, dette kjem til uttrykk i føremålet med samfunnsfaget, altså opplæring i både om, for og gjennom (Koritzinsky, 2012; Stray, 2011).