Aldersblanding i matematikkundervisinga. Samanhengen mellom læraren sitt syn på aldersblanding og nyttiggjeringa av fellesskapen

Collection

  • LUI - Student theses

Author(s)

Document type

Publication date

  • 2018-04-19

Publisher

  • OsloMet - Storbyuniversitetet

Page Number

  • 32

Abstract

  • Sjølv om effekten av læring gjennom sosial interaksjon og praktisk læring i elevfellesskapen er godt dokumentert i forskingslitteraturen, er det mindre kjent korleis lærarar i aldersblanda elevgrupper gjer seg nytte av denne fellesskapen. Det er heller ikkje kjent korleis læraren sitt syn på aldersblanding påverkar. Denne studien undersøker samanhengen mellom læraren sitt syn på aldersblanding og deira nyttiggjering av fellesskapen i matematikkundervisinga. Årsaka til at eg har valt matematikk er at dette er eit fag der dei aldersblanda gruppene ofte vert delt til aldershomogene, og det kan dermed tenkast at det er vanskelegare å tilpasse opplæringa i matematikk til ei aldersblanda grupper enn i andre fag. Eg har nytta ei semistrukturert spørjeundersøkinga som vart sendt ut til matematikklærarar ved ulike skular som driv med aldersblanding. Totalt fekk eg inn svar frå 47 respondentar, og av desse nytta eg fem av svara til denne oppgåva. Utvalet er basert på lærarane sitt syn på aldersblanding, og eg har inkludert dei respondentane som hadde det mest udelte positive og negative synet på aldersblanding. Om desse lærarane har eg nytta omgrepa ressursorientert og problemorientert. Deretter såg eg nærmare på korleis desse lærarane nytta fellesskapen i matematikkundervisinga. Resultata synte at det var ein samanheng mellom lærarane sitt syn på aldersblanding og deira nyttiggjering av fellesskapen. Dei problemorienterte lærarane dreiv ei meir individualisert matematikkopplæring, medan dei ressursorienterte lærarar la til rette for meir samhandling mellom elevane slik at dei ogso fungerte som ressursar for kvarandre. Det ser ut til å vere ein tydeleg samanheng mellom læraren sitt syn på aldersblanding og måten han eller ho nyttiggjer seg av den aldersblanda elevfellesskapen i matematikkundervisinga. Funna blir diskutert opp mot kvarandre og i lys av teoretisk rammeverk og empirisk litteratur. Forslag til vidare forsking vil også bli presentert.