A-magasinets Afrika - Ein kritisk analyse av A-magasinet sine reportasjer frå afrikanske land

Document type

Publication date

  • 2015

Publisher

  • Høgskolen i Oslo og Akershus

Description

  • Korleis media dekker hendingar og historier frå afrikanske land har mykje å seie for kva kunnskap folk har om regionen. Nesten halvparten (47%) av innbyggarane i Storbritannia fekk i 2006 sin kunnskap om liva til fattige menneske i Afrika, gjennom aviser og magasin (Lader 2007). Sjølv om det er sannsynleg at dette talet er anleis i dag, seier det likevel mykje om kva ansvar som følgjer det å formidle historier frå stader langt borte. Den svenske statistikkformidlaren Hans Rosling har vist at folk i Vest-Europa ikkje kan noko særleg om helse og utvikling i det som tradisjonelt har vore kalla u-land. På spørsmål om dei viktigaste aspekta for levekår i verda, svarer fleirtalet stort sett feil (Rosling/Gapminder1 2013). Dei svara som blir gitt passar best til det utviklingsnivået som var i mange fattige land for over 20 år sidan. Folk får ikkje med seg utviklinga som til ein kvar tid skjer i verda. Slike statistikkar er forenkla og det er mange forhold som ikkje blir fanga opp. Likevel, poenget som Rosling vil få fram er at den verda folk til vanleg snakkar og skriv om ikkje alltid er den same som viser igjen i grunnleggande statistikk om levekår og utvikling. Rosling sin statistikk kan vere eit døme på at den forteljinga vi får om fattige land er med på å oppretthalde ei forståing som kanskje stemte for 20-30 år sidan, men som ikkje stemmer i dag. Dette gjeld mellom anna mange land i Afrika.